Spørsmål og svar (Q&A)

Her vil me legge ut spørsmål me får med jamne mellomrom og våre svar på desse

Om sparebankstiftinga

1. Kva er ei sparebankstifting?

A – kort svar
Ei sparebankstifting er ei sjølvstendig stifting som blir etablert for åforvalte kapitalen som oppstår ved fusjon av ein sparebank, og som brukaravkastninga til allmennyttige formål.

B – utdjupande svar
Ei sparebankstifting er ei sjølvstendig juridisk eining, regulert avbåde stiftelseslova og finansforetakslova, særleg reglane omsparebankstiftingar i finansforetakslova kapittel 12.

Stiftinga har ingen eigarar, men eit fastsett allmennnyttig føremål som midlane skalforvaltast etter. Kapitalen i stiftinga kjem frå oppgjeret som oppstod då EtneSparebank vart fusjonert med Sparebanken Vest i 2022, dersparebankkapitalen som var bygd opp gjennom banken si verksemd i 162 år vartoverført til ei stifting for vidare forvaltning.

Stiftinga blir styrtgjennom generalforsamling og styre, som skal sikre at verksemda skjer itråd med lovverk, vedtekter og god forvaltningsskikk.

2. Kven eig sparebankstiftinga?

A – kort svar
Ingen eig sparebankstiftinga.

B – utdjupande svar
Ei stifting er ein sjølveigande institusjon. Etter stiftelseslova §2 er ei stifting ein formuesverdi som er stilt sjølvstendig til disposisjon for eit bestemt formål.

Ingen eig kapitalen eller kan ta ut overskot frå stiftinga. Midlane er bundne til det allmennnyttige formålet som er fastsett i vedtektene.

Styret og generalforsamlinga forvaltar kapitalen, men dei gjer dette på vegner av formålet – ikkje som eigarar.

For å forstå forskjellen kan ein samanlikne fire ulike modellar som finst lokalt:

Sparebankstiftinga

  • Ingen eigarar
  • Kapitalen er permanent knytt til eit formål
  • Avkastninga blir delt ut til allmennyttige tiltak
  • Regulert av stiftelseslova og finansforetakslova

Sparebanken Norge

  • Banken kan også støtte lokale tiltak
  • Midlane kjem frå banken sitt overskot
  • Banken er regulert av finansforetakslova

Elagsfondet / Etne Elektrisitetslag AS

  • Har aksjonærar som eig selskapet
  • Overskotet skal delast ut til allmennyttige formål
  • Regulert av aksjelova

Etne Kommune

  • Offentlege midlar delt ut til allmennyttige føremål
  • Fordelt gjennom politiske vedtak i kommunen

Den viktigaste forskjellen er at ei sparebankstifting ikkje har eigarar, medan eit aksjeselskap har aksjonærar, og kommunen disponerer offentlege budsjettmidlar.

3. Kvifor valde ein stiftingsmodellen?

A – kort svar
For å sikre at kapitalen frå sparebanken blir forvalta langsiktig og kjem lokalsamfunnet til gode.

B – utdjupande svar
Når ein sparebank blir fusjonert, oppstår det eit oppgjer knytt til sparebankkapitalen. Sidan sparebankane historisk ikkje har eigarar av grunnfondet i banken, kunne ikkje denne kapitalen delast ut til privatpersonar.

Ved å plassere kapitalen i ei sparebankstifting blir midlane bundne til eit allmennyttig formål og skal forvaltast til beste for lokalsamfunnet over tid.

Sparebankstiftingar er også omfatta av reglane om skattefritak for allmennyttige institusjonar etter skattelova §2-32, så lenge verksemda blir driven i samsvar med føremålet. Dette gjorde at me fekk ei stifting som ikkje treng betale skatt på sine overskot.

Ordninga skal dermed sikre:

  • langsiktig forvaltning av sparebankkapitalen
  • lokal samfunnsnytte
  • stabil finansiering av allmennyttige tiltak

4. Kor kjem pengane i stiftinga frå?

A – kort svar
Frå oppgjeret då Etne Sparebank vart fusjonert med Sparebanken Vest (nå Sparebanken Norge) - totalt 267 millionar kroner.

B – utdjupande svar
Då Etne Sparebank vart fusjonert med Sparebanken Vest, oppstod det eit økonomisk oppgjer knytt til kapitalen som var bygd opp gjennom 162 år med bankdrift i lokalsamfunnet.

Denne kapitalen vart ikkje delt ut til privatpersonar, men overført til ei sparebankstifting for vidare forvaltning.

Kapitalen blir i dag forvalta slik at han gir avkastning over tid, og delar av denne avkastninga kan delast ut til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.

5. Kor kjem inntektene til stiftinga frå i dag?

A – kort svar
Frå årleg utbytte på eigardelar i Sparebanken Norge og avkastning frå investeringar i aksje- og rentefond.

B – utdjupande svar
Stiftinga får i hovudsak inntektene sine frå to kjelder:

  • årleg utbytte frå eigardelar i Sparebanken Norge, der stiftinga er medeigar
  • avkastning frå finansielle investeringar, mellom anna i aksjefond og rentefond

Desse inntektene utgjer grunnlaget for stiftinga si verksemd og for dei utdelingane som blir gjort til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.

Storleiken på utdelingane kan variere frå år til år. Dette heng saman med kor stort utbytte banken betaler, og korleis avkastninga på investeringane utviklar seg.

Kapitalforvaltninga skal skje på ein forsvarleg måte og i tråd med stiftinga sine vedtekter og prinsippa i stiftelseslova §18 om forsvarleg kapitalforvaltning.

6. Kva er formålet med stiftinga?

A – kort svar
Å forvalte eigardelane i Sparebanken Norge på ein langsiktig og stabil måte, og bruke overskotet til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.

B – utdjupande svar
Formålet til stiftinga er fastsett i vedtektene §1-2 Føremål. Her går det fram at stiftinga skal:

  • forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga
  • vere ein langsiktig og stabil eigar i Sparebanken Norge
  • forvalte kapitalen på ein trygg og føremålstenleg måte, med omsyn til tryggleik, risikospreiing, likviditet og avkastning

Stiftinga skal vidare disponere overskot og gje bidrag til allmennyttige formål. Ved slike disposisjonar skal stiftinga særleg ta omsyn til det distriktet som bygde opp kapitalen i tidlegare Etne Sparebank.

Gjennom eigarskapen i Sparebanken Norge og vidareføring av sparebanktradisjonane skal stiftinga bidra til å sikre eit godt regionalt forankra banktilbod i Etne. Stiftinga kan også drive annan verksemd som er i samsvar med dette formålet og regelverket for sparebankstiftingar.

B) Søknader og tildelingar

7. Kven kan søkje støtte?

A – kort svar
Lag, foreiningar, stiftingar og frivillige organisasjonar med verksemd i Etne kan søkje støtte til allmennyttige prosjekt.

B – utdjupande svar
Lag, foreiningar, stiftingar og frivillige organisasjonar kan søkje støtte dersom dei:

  • er registrerte i Einingsregisteret i Brønnøysund og har organisasjonsnummer
  • har verksemd i området der kapitalen til tidlegare Etne Sparebank vart bygd opp
  • søkjer midlar til allmennyttige føremål

Det er ein fordel at søkjar også er registrert i Frivillighetsregisteret.

Lukka medlemsorganisasjonar og politiske parti får normalt ikkje støtte, men kan søkje dersom prosjektet gjeld allmennyttig verksemd.

Stiftinga legg etter vedtektene særleg vekt på prosjekt i det distriktet som bygde opp kapitalen til tidlegare Etne Sparebank. Samstundes kan det i enkelte tilfelle vere aktuelt å støtte tiltak utanfor Etne dersom prosjektet har tydeleg nytte for innbyggjarar eller miljø i Etne, eller dersom det inngår i samarbeid og aktivitetar der Etne er ein naturleg del av regionen.

Hovudprinsippet er likevel at gåvemidlane først og fremst skal kome lokalsamfunnet i gamle Etne Kommune til gode, i tråd med stiftinga sitt føremål.

8. Kva kan ein få støtte til?

A – kort svar
Prosjekt og tiltak med varig verdi som kjem lokalsamfunnet til gode.

B – utdjupande svar
Stiftinga prioriterer prosjekt som:

  • skapar varige verdiar i lokalsamfunnet
  • bidreg til engasjement og dugnadsvilje
  • realiserer lokale idear og initiativ
  • gjer lokalsamfunnet meir attraktivt å bu i

Det ein søkjer støtte til skal vere konkrete tiltak med tydeleg mål, og prosjektet må ha ein plan for gjennomføring med start- og sluttdato.

9. Kan privatpersonar få støtte?

A – kort svar
Som hovudregel nei.

B – utdjupande svar
Gåvemidlane skal gå til allmennyttige føremål, og støtte blir derfor normalt gitt til organisasjonar eller prosjekt som kjem mange til gode.

Privatpersonar kan i utgangspunktet ikkje søkje støtte direkte.

10. Korleis søkjer ein støtte?

A – kort svar
Søknad om støtte skjer gjennom dialog med dagleg leiar i stiftinga og blir sendt inn på e-post.

B – utdjupande svar
Søkjarar som ønskjer å søkje støtte blir oppmoda om å ta kontakt med dagleg leiar i stiftinga for ein innleiande dialog om prosjektet.

Den formelle søknaden blir deretter sendt til stiftinga på e-post, og bør innehalde:

  • ei kort beskriving av prosjektet eller tiltaket
  • budsjett og finansieringsplan
  • plan for gjennomføring med start- og sluttdato
  • informasjon om søkjarorganisasjonen

Dagleg leiar vil normalt gå gjennom søknaden og eventuelt be om tilleggsopplysningar før saka blir lagt fram for styret, som fattar vedtak om eventuell gåvetildeling.

11. Korleis blir søknadene vurderte?

A – kort svar
Styret i stiftinga behandlar søknadene og avgjer om det skal gjevast støtte.

B – utdjupande svar
Behandling av gåvesøknader skjer i fleire steg:

Dialog og mottak av søknad
Søkjar tek kontakt med stiftinga, vanlegvis gjennom dialog med dagleg leiar, og sender deretter ein formell søknad på e-post.

Administrativ gjennomgang
Dagleg leiar går gjennom søknaden og vurderer om prosjektet er innanfor rammene i vedtektene og gåvereglementet. Dersom det manglar opplysningar, kan søkjar bli kontakta for avklaringar.

Styrebehandling
Søknaden blir deretter lagt fram for styret i stiftinga, som vurderer søknaden og fattar vedtak om tildeling eller avslag.

Økonomisk ramme
Den samla ramma for gåver blir fastsett av generalforsamlinga, som kvart år vedtek kor stor del av overskotet som kan brukast til gåveføremål, jf. vedtektene §2-3. Styret får altså tildelt ei øvre ramme på årets gåvetildelingar.

Vedtak og melding til søkjar
Alle søkjarar får skriftleg melding om vedtaket. Avslag på søknader blir normalt ikkje grunngjevne.

12. Korleis skjer utbetaling og oppfølging av gåver?

A – kort svar
Gåver blir normalt utbetalte når prosjektet er fullfinansiert og skal følgjast opp med rapportering.

B – utdjupande svar
Styret avgjer om gåva skal betalast ut:

  • i ein gong
  • eller i fleire delar etter dokumentert framdrift i prosjektet

Utbetaling skjer normalt når prosjektet er fullfinansiert.

Alle mottakarar pliktar å sende rapport til stiftinga om korleis midlane er brukte. Krava til rapportering varierer etter storleiken på gåva, til dømes:

  • mindre gåver: kvitteringar og sluttrapport
  • større prosjekt: prosjektrekneskap eller revisjon

Dersom prosjektet ikkje er sett i gang innan 24 månader, kan stiftinga omdisponere midlane til andre prosjekt.

Styring, lovverk og openheit

13. Kva er generalforsamlinga?

A – kort svar
Generalforsamlinga er det øvste organet i stiftinga.

B – utdjupande svar
Generalforsamlinga er stiftinga sitt øvste styringsorgan. Ho har ansvar for overordna saker i stiftinga, mellom anna:

  • val av styre
  • godkjenning av årsrekneskap
  • vedtak om kor stor del av overskotet som skal nyttast til gåveføremål
  • val av valkomité og revisor

Medlemmene i generalforsamlinga blir valde på eit eige kundevalmøte. Valkomiteen førebur valet og foreslår kandidatar, medan styret organiserer gjennomføringa av valet. Røysteføre til kundevalet (same krav som det å vera valbar) kan også koma med supplerande forslag til kandidatar til generalforsamlinga.

For å vera valbar til generalforsamlinga må ein mellom anna:

  • vera kunde i Sparebanken Norge og ha hatt eit innskot på minst kr 2.500 det siste året
  • ha vore busett i det som er definert som «gamle» Etne kommune dei siste seks månadene før valet
  • ikkje vere tilsett eller ha styreverv i selskap som konkurrerer med banken

Generalforsamlinga skal bestå av 7–9 medlemmer og 1–3 varamedlemmer. Samansetninga skal etter valinstruksen spegle kundestrukturen i banken, ulike interessegrupper og samfunnsinteresser i lokalsamfunnet.

Valet skjer etter prinsippet éin kunde – éi stemme, og kan gjennomførast elektronisk eller på annan forsvarleg måte.

15. Kven sit i styret?

A – kort svar
Styret blir valt av generalforsamlinga.

B – utdjupande svar
Styret blir valt av generalforsamlinga og har ansvar for den løpande forvaltninga av stiftinga.

Styret skal mellom anna:

  • forvalte stiftinga sine midlar
  • behandle søknader om gåver
  • sørgje for forsvarleg drift av stiftinga

Styret sitt ansvar følgjer av stiftelseslova §30 og stiftinga sine vedtekter.

16. Kva lovverk regulerer sparebankstiftingar?

A – kort svar
Sparebankstiftingar er regulerte av stiftelseslova og finansforetakslova.

B – utdjupande svar
Sparebankstiftingar er underlagde fleire regelverk som til saman set rammene for verksemda:

  • stiftelseslova, som regulerer organisering, styring og forvaltning av stiftingar
  • finansforetakslova, særleg kapittel 12 om sparebankstiftingar
  • skattelova, mellom anna reglane om skattefritak for allmennyttige institusjonar

Desse lovene regulerer mellom anna:

  • korleis stiftinga skal styrast
  • korleis kapitalen skal forvaltast
  • korleis overskot kan disponerast og nyttast til gåver til allmennyttige føremål.

I tillegg kjem stiftinga sine eigne vedtekter og interne reglement, som utdjupar korleis verksemda skal drivast innanfor rammene av lovverket.

17. Kven fører tilsyn med stiftinga?

A – kort svar
Lotteri- og stiftelsestilsynet fører tilsyn med stiftinga, og rekneskapen blir kontrollert av revisor.

B – utdjupande svar
Sparebankstiftinga er underlagt fleire nivå av kontroll og tilsyn.

Offentleg tilsyn
Alle stiftingar i Noreg er registrerte i Stiftelsesregisteret og står under tilsyn frå Lotteri- og stiftelsestilsynet, som kontrollerer at stiftinga driv i samsvar med stiftelseslova, vedtektene og anna relevant regelverk.

Revisjon
Stiftinga har uavhengig revisor som kontrollerer rekneskapen og vurderer om forvaltninga av midlane skjer i samsvar med gjeldande regelverk.

Intern styring i stiftinga
I tillegg har stiftinga eigne styringsorgan som fører kontroll med verksemda:

  • Generalforsamlinga, som er stiftinga sitt øvste organ
  • Styret, som har ansvar for forvaltninga av stiftinga
  • Dagleg leiing, som står for den daglege drifta

Til saman utgjer dette eit fleirlags kontrollsystem som skal sikre forsvarleg forvaltning av kapitalen og openheit om verksemda.

18. Korleis sikrar stiftinga openheit?

A – kort svar
Gjennom open informasjon på stiftinga si heimeside, offentleg rekneskap og publisering av gåvetildelingar.

B – utdjupande svar
Sparebankstiftinga ønskjer å vere open om verksemda si og legg derfor relevant informasjon om stiftinga si aktivitet ut på stiftinga si heimeside.

Dette omfattar mellom anna:

  • årsrekneskap med notar
  • informasjon om gåvetildelingar og mottakarar
  • generell informasjon om stiftinga si verksemd

Det er ikkje vanleg praksis for sparebankstiftingar å offentleggjere styreprotokollar. Desse inneheld i hovudsak interne og forvaltningsmessige forhold som ikkje er relevante for lokalsamfunnet.

Den informasjonen som er relevant for ålmenta – til dømes rekneskap, forvaltning av midlar og tildeling av gåver – blir derfor gjort offentleg tilgjengeleg gjennom rekneskapen og informasjon på stiftinga si heimeside.

19. Kvifor samarbeider ikkje stiftinga tettare med kommunen?

A – kort svar
Sparebankstiftinga er ei uavhengig stifting. Ho kan støtte prosjekt der kommunen er involvert, men berre dersom prosjektet ligg innanfor allmennyttige formål etter lovverket.

B – utdjupande svar
Sparebankstiftinga er ei sjølvstendig juridisk eining og ikkje ein del av kommunen eller annan offentleg forvaltning. Kommunen har derfor ikkje styringsrett over stiftinga.

Samtidig kan stiftinga støtte prosjekt der kommunen er involvert, men det må då vurderast om prosjektet ligg innanfor allmennyttige formål, slik lovverket krev for utdeling av gåver frå sparebankstiftingar.

I slike vurderingar legg ein mellom anna vekt på:

  • om prosjektet kjem allmenta til gode
  • om midlane i realiteten går til allmennyttig aktivitet og ikkje til offentleg drift
  • om prosjektet inneber støtte til offentleg verksemd eller private aktørar

Ei juridisk vurdering frå Advokatfirmaet Selmer viser til dømes at støtte til prosjekt der kommunen er den klart største brukaren eller har dominerande innflytelse kan vere problematisk i forhold til kravet om allmennyttig formål. Dersom midlane i realiteten går til aktivitetar som er ein del av kommunen sine lovpålagde oppgåver, som til dømes drift av skule, kan dette falle utanfor rammene for gåvemidlar frå sparebankstiftingar.

Det same gjeld dersom gåver indirekte kjem private eller kommersielle aktørar til gode. I slike tilfelle må stiftinga vere varsam og gjere ei konkret vurdering av organiseringa av prosjektet og kven som har innflytelse over verksemda.

Stiftinga må derfor alltid vurdere slike prosjekt opp mot lovverket og vedtektene før eventuelle gåver kan bli tildelte.

Korleis kan Sparebankstiftinga gi ei gåve til Skakke?

A – kort svar
Skakke må bl.a endre frå å vera eit Samvirkeføretak (SA) til å bli eit ideelt aksjeselsap (AS) kor ingen private kan få økonomisk utbytte. Dette kjem av at sparebankstiftingar berre kan gi gåver til allmennyttige føremål etter lovverket.

B – utdjupande svar
Sparebankstiftingar kan berre gi gåver til allmennyttige føremål, jf. finansforetakslova. Det betyr at midlane må kome allmenta til gode, og ikkje i realiteten gå til offentleg drift eller private interesser.

Ei juridisk vurdering frå Advokatfirmaet Selmer peikar på at det kan vere risiko for at ei gåve til Skakke SA ikkje blir rekna som allmennyttig etter lovverket slik organisasjonen er strukturert i dag. Dette heng mellom anna saman med at:

  • Etne kommune er den største brukaren av bygget, og nyttar delar av anlegget til aktivitetar som inngår i kommunen si ordinære drift, til dømes skulebruk
  • kommunen og andre aktørar kan ha betydande innflytelse over verksemda
  • gåva indirekte kan kome både offentlege og enkelte private aktørar til gode

Når ei sparebankstifting gir ei gåve som til dømes slettar gjeld i eit føretak, vil det i praksis kunne kome dei som betaler for bruken av anlegget til gode. I dette tilfellet kan det særleg gjelde kommunen som den største brukaren.

På grunn av desse forholda må stiftinga vere varsam og sikre at ei eventuell gåve ligg innanfor rammene for allmennyttige føremål etter lovverket.

Selmer peikar også på at risikoen kan bli mindre dersom organiseringa av verksemda blir endra slik at allmennyttige aktørar har tydeleg kontroll og innflytelse, men dette må i så fall vurderast konkret.

Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.