Personvern

Personvernerklæring for Sparebankstiftinga Etne

Personvernerklæring for Sparebankstiftinga Etne

1. Innleiing

Sparebankstiftinga Etne v/dagleg leiar er handsamingsansvarleg for alle personopplysningar som blir behandla i samband med vår verksemd. Dagleg leiar er kontaktperson for personvern og kan gi rettleiing og svare på spørsmål om handsaminga.

Føremålet med stiftinga er å forvalte finansielle midlar og eit langsiktig eigarskap i Sparebanken Norge, samt å vidareføre sparebanktradisjonar gjennom bidrag til allmennyttige føremål i lokalsamfunnet.

Me er opptekne av å verne personvernet til alle vi har registrert opplysningar om – anten det gjeld tilsette, tillitsvalde, søkjarar om støtte, samarbeidspartnarar eller leverandørar.

Denne personvernerklæringa forklarer korleis vi samlar inn, brukar og tek vare på personopplysningar, og kva rettar du har.

Kontaktinformasjon:
Sparebankstiftinga Etne
Sjoarvegen 3, 5590 Etne
E-post: post@ietne.no
Org.nr.: 930 294 837
Kontaktperson personvern: Dagleg leiar

2. Kva personopplysningar vi samlar inn

Vi samlar berre inn nødvendige personopplysningar for å kunne utføre oppgåvene våre. Dette kan vere:

  • Namn
  • Kontaktinformasjon (adresse, telefon, e-post)
  • Stilling og funksjon
  • Opplysningar i søknader, som prosjektomtale, budsjett, vedlegg eller CV
  • Opplysningar knytt til avtalar, samarbeid eller leveransar

Handsaming av opplysningar om mindreårige

Vi handsamar berre personopplysningar om mindreårige når dette er nødvendig for å behandle ei sak eller søknad. Slik handsaming vert gjort med særleg varsemd og i tråd med gjeldande reglar.
Dersom handsaminga krev samtykke, må dette givast av føresette.

Me handsamar ikkje sensitive personopplysningar utan lovheimel, avtale eller uttrykkeleg samtykke.

3. Korleis vi samlar inn opplysningar

Vi samlar inn personopplysningar gjennom:

  • E-post (søknader, korrespondanse eller vedlegg)
  • Telefonsamtalar og annan direkte kontakt
  • Samarbeid med leverandørar og organisasjonar

Me nyttar ikkje web-baserte skjema.

4. Føremålet med handsaminga

Vi brukar personopplysningar berre til desse føremåla:

  • Administrasjon av tilsette, tillitsvalde og styrearbeid
  • Vurdering, behandling og tildeling av prosjektstøtte eller stipend
  • Oppfølging av søknader, aktivitetar og rapportering
  • Samarbeid med organisasjonar, lag, foreiningar og leverandørar
  • Oppfylling av rettslege plikter, som bokføring, arkivering og revisjon

5. Handsamingsgrunnlag

Handsaminga er basert på GDPR artikkel 6 og kan byggje på:

  • Samtykke – når du frivillig gir oss opplysningar
  • Avtale – når handsaminga er nødvendig for å gjennomføre eit samarbeid eller ei forplikting
  • Rettssleg forplikting – når lova krev handsaming (t.d. bokføringsreglar)
  • Berettiga interesse – når handsaminga er nødvendig for å driva verksemda, utan at dine interesser eller rettar veg tyngre

6. Tryggleik

Vi har rutinar, tekniske tiltak og interne prosedyrar som skal sikre trygg handsaming av personopplysningar. Tilgangen er avgrensa til personar med tenestleg behov. Opplysningane vert lagra forsvarleg og verna mot uautorisert tilgang og tap.

7. Deling av opplysningar med tredjepartar

Vi delar berre personopplysningar med tredjepartar når det er nødvendig og innanfor lovverket. Dette kan omfatte:

  • Rekneskapsførar og revisor
  • IT-tenester, som e-post, arkiv eller dokumentlagring

Vi har databehandlaravtalar med alle tredjepartar som behandlar personopplysningar på våre vegner. Desse avtalane sikrar at opplysningane ikkje blir brukte til andre føremål enn det som er avtalt.

8. Rettane dine

Du har rett til å:

  • innsyn i kva opplysningar vi lagrar om deg
  • be om retting av feilaktige opplysningar
  • be om sletting, når grunnlaget for handsaming ikkje lenger er til stades
  • be om avgrensa handsaming eller å protestere mot handsaming
  • dataportabilitet (overføring av eigne opplysningar til annan aktør)
  • trekkje tilbake samtykke, dersom samtykke er handsamingsgrunnlaget
  • klage til Datatilsynet (www.datatilsynet.no)

Du kan nytte desse rettane ved å kontakte oss på post@ietne.no eller sende brev.

9. Lagring og sletting

Vi lagrar berre personopplysningar så lenge dei er nødvendige for formålet, eller så lenge lova krev det. Til dømes:

  • Søknadsdokumentasjon vert lagra i opptil 5 år, jamfør bokføringsreglane
  • Opplysningar knytt til tilsetjing eller verv vert sletta når dei ikkje lenger er relevante
  • Opplysningar basert på samtykke vert sletta dersom samtykket vert trekt tilbake

10. Endringar i personvernerklæringa

Vi oppdaterer erklæringa ved behov, til dømes ved endringar i regelverk, praksis eller interne rutinar. Oppdatert versjon vert gjort tilgjengeleg ved førespurnad.

Sist oppdatert: 24. november 2025

Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.