Namnet til stiftinga er Eigedomsstiftinga Etne.
Stiftinga har som hovudføremål å forvalte eigedomsmassen Gbnr 39/33, Gbnr 9/214 og Gbnr 10/57 i Etne kommune (bankbygget i Etne) anten sjølv eller gjennom eit underliggande selskap.
Stiftinga har også som føremål å forvalte eventuelle aksjar og andre eigedeler, som tidlegare har vore eigd av Etne Sparebank.
Stiftinga kan forvalta eigedelane sjølv eller gjennom eit underliggande selskap.
Stiftinga har også til føremål å dele ut midlar til allmennyttige føremål i Etne kommune. Dersom stiftinga som følgje av oreigning, sal eller andre forhold ikkje vil kunne eige bankbygget i Etne direkte eller indirekte, skal stiftinga reinvestere eit eventuelt overskot slik at stiftinga framleis kan dele ut midlar til allmennyttige føremål i Etne Kommune.
Styret er øvste organ i stiftinga, og er sjølvsupplerande. Styret skal ha frå tre til seks medlemar. Styremedlemmene si funksjonstid er fire år. Eit styremedlem kan maksimalt sitje tre periodar. Styret konstituerer seg sjølv og vel sin eigen leiar.
Styret pliktar å sikre føremålet til stiftinga og at stiftinga si forvaltning av formua og rekneskap er gjenstand for fullgod kontroll.
Styret er vedtaksført når meir enn halvdelen av styremedlemene er til stades, og alle medlemene om mogeleg er gjevne høve til å delta i handsaming av saka. Vedtak treffast ved simpelt fleirtal. Ved likt røystetal har møteleiar dobbelrøyst.
Styrets leiar skal sikre handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevje at styret handsamar einskilde saker. Styremøte og anna styrehandsaming skal varslast på høveleg måte og med naudsynt frist.
Styremøta leiast av styreleiaren. Deltek ikkje styreleiaren, vel styret ein leiar for handsaminga i styret.
Det skal førast protokoll over styremøta. Protokollen skal minst nemne tid og stad, deltakarane, type handsaming og styret sitt vedtak. Styremedlem som ikkje er samd i styret sitt vedtak, kan krevje sin oppfatning innført i protokollen. Protokollen skal underskrivast av alle dei medlemene som har delteke i styrehandsaminga.
Styret representerer stiftinga utad. Styret kan ved styrevedtak delegere stiftinga sin signatur til ein eller fleire styremedlemma, åleine eller i samforståing. Slik fullmakt kan når som helst kallast tilbake.
Styret kan gje prokura. Slik fullmakt kan når som helst kallas tilbake.
Stiftinga har ein fri eigenkapital på til saman kr. 600 000
Stiftinga har ein bunden grunnkapital på til saman kr. 7 700 000.
Den totale kapitalen er kr. 8 300 000.
Styret har kompetanse til å endre vedtektene og avvikle stiftinga. Vedtektsendring og avvikling krev at 2/3 av styremedlemene deltek og avgir stemme på styremøtet.