Val av kundevalde representantar til generalforsamlinga 2026

‍

10. mars 2026 - Historisk høg deltaking i kundevalet

Sparebankstiftinga har no gjennomført digitalt kundeval av medlemmer til generalforsamlinga. Av 1.645 røysteføre deltok heile 398 personar i valet. Til samanlikning var deltakinga berre to personar ved førre val, noko det i snitt har vore også dei siste 50 åra.

Dette er den høgaste deltakinga i eit kundeval – både i sparebankstiftinga si historie og i Etne Sparebank si historie.

Me registrerer med dette eit historisk val og takkar alle som har teke seg tid til å bruke stemmeretten sin.

Valprotokollen kan lesast her

‍

                                         **********************************************************

Du kan i perioden 1. til 7. mars røyste i valet av medlemmer til generalforsamlinga i følgjande lenke; https://valg.kantega.no/valg/sse

‍

Innstilling frå valkomiteen:

- Frode Haugen og Edvar Tjelmeland, gjenvalg som medlemmer av generalforsamlinga for perioden 2026-2029

- Sivert Elias Stålesen som ny medlem av generalforsamlinga for perioden 2026-2028.

- Torbjørn Årak Grønstad, gjenvalg som varamedlem for perioden 2026-2029

‍

Kandidatar spelt inn frå bygdefolket:

  • Grethe Tesdal
  • Ernst Grindheim
  • Einar Åge Vae
  • Tom Hardeland
  • Åsmund Hamre
  • Egil Viker Jørgensen

‍

‍Kven kan røysta?

‍For å kunne røyste må du:

• vere over 18 år

• ha hatt innskot på minst kr 2.500 i Sparebanken Norge dei siste 6 månadene

• ha postadresse 5590 Etne (gamle Etne kommune, sjå kart her)

‍

Valresultatet vert handtert på følgjande måte

1) Den som får mest stemmer vert vald inn som første ordinære medlem av generalforsamlinga  for perioden 2026-2029

2) Den som får nest mest stemmer vert vald inn som andre ordinære medlem av generalforsamlinga  for perioden 2026-2029

3) Den som får tredje mest stemmer vert vald inn som tredje ordinære medlem av generalforsamlinga for perioden 2026-2028

4) Den som får fjerde mest stemmer vert vald inn som varamedlem av generalforsamlinga for perioden 2026-2029

‍

***************************************************************************************************************************************

Føgjande e-post er den 19. og 20. februar 2026 sendt ut til alle stemmeberettiga. For å vera stemmeberettiga, må du oppfylle same krav som angitt nedanfor under "Kven kan veljast". Når fristen for å føreslå kandidatar går ut, vil det bli sendt ut ny e-post med lenke til avstemming. Har du ikkje motteke denne e-posten nedanfor, er det fint om me får tilbakemelding på post@ietne.no så skal me notere oss denne når e-posten for avstemming går ut.

‍

Som kunde i Sparebanken Norge har du moglegheit til å påverke kven som skal sitje i generalforsamlinga vår.

Generalforsamlinga er stiftinga sitt øvste organ og er med på å sikre at midlane frå stiftinga kjem bygda til gode – til idrett, kultur, frivillig arbeid og gode tiltak for barn og unge i Etne.

‍

‍Kven skal veljast til generalforsamlinga i år?

‍I år skal det veljast 2 medlemmer og 1 varamedlem for perioden 2026–2029.

I tillegg er det suppleringsval av eitt medlem for perioden 2026–2028.

‍

‍Foreslå kandidat

‍Du kan foreslå ein kandidat – eller deg sjølv – til generalforsamlinga. Frist for å foreslå kandidatar er torsdag 26. februar.

Det vert ikkje fysisk kundevalmøte i år. Valet skjer digitalt i perioden 1.–7. mars.

Valkomiteen si innstilling vert supplert med innkomne forslag, og alle kandidatane vil kome opp som alternativ i den digitale avstemminga.

‍

‍Kven kan veljast?

‍For å vere valbar må kandidaten:

• vere over 18 år

• ha hatt innskot på minst kr 2.500 i Sparebanken Norge dei siste 6 månadene

• ha postadresse 5590 Etne (gamle Etne kommune, sjå kart her)

Det må liggje ved ei stadfesting frå kandidaten om at han/ho oppfyller krava og er villig til å stille til val. Me ønskjer kandidatar som speglar breidda i lokalsamfunnet – både alder, bakgrunn, kvar du bur og ditt engasjement i bygda.

Send forslag med namn, gjerne ein kort presentasjon, kontaktinformasjon og stadfesting frå kandidaten til post@ietne.no

Har du spørsmål om valet eller kva det inneber å sitje i Generalforsamlinga, er det berre å ta kontakt.

Sjå alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.