Unge røyster avgjer: Deler ut 150 000 før jul

Sparebankstiftinga Etne inviterer unge mellom 13-30 år til å spela inn forslag til lag eller organisasjon dei ynskjer sparebankstiftinga skal støtte.

Sparebankstiftinga Etne inviterer unge mellom 13-30 år til å spela inn forslag til lag eller organisasjon dei ynskjer sparebankstiftinga skal støtte. Målet er å gi 150 000 kroner til ein organisasjon som brenn for barn og unge lokalt. – Me inviterer ungdommen til å delta i instagram-konkurransen vår. Her kan dei skrive i kommentarfeltet kven dei ynskjer skal vinne. Det er mange organisasjonar som fortener ei julegåve, no vil me gjerne ha flest mogleg tips slik at me finn ein god vinnar, seier dagleg leiar i stiftinga, Rune Ramsvik.

Éin deltakar blir trekt ut og får både bestemme mottakar, vinnaren får og vere med på sjølve overrekkinga av gåva. – Mange ungdommar har eit stort engasjement for bygda si. No vil me gi dei høve til å påverke direkte kven som får denne gåva, held Ramsvik fram.

Slik deltek du:

  1. Følg #sparebankstiftingaetne på Instagram
  2. Lik konkurranseinnlegget
  3. Skriv i kommentarfeltet kva lag eller foreining du ønskjer at skal få gåva og helst kva prosjekt i laget som skal få gåva.

Me trekk ein vinnar blant alle som følgjer kontoen, likar innlegget og kommenterer med sitt forslag. Den som blir trekt ut får ei unik moglegheit til å løfte fram eit formål dei brenn for – og samtidig gi eit viktig bidrag til fellesskapen i Etne.

Kvifor me gjer dette

Sparebankstiftinga Etne arbeider for å skape aktivitet, inkludering og utvikling i lokalsamfunnet. Ved å gi ungdom ansvaret for å peike ut årets mottakar, ønskjer me å:

  • styrkje ungdoms medverknad og gjere dei bevisste kva me kan gjere med midlane til stiftinga
  • løfte fram engasjementet til unge i Etne
  • støtte lag og foreiningar som gjer ein forskjell for mange

Vinnaren blir kontakta direkte og kunngjort på Instagram. Overrekkinga av gåva vil skje før jul.

For meir informasjon, ta kontakt med Rune Ramsvik

Sjå alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.