.jpg)
Aslaug Johansson Taraldsøy (13) gjekk heilt til topps i førjulskonkurransen til Sparebankstiftinga Etne. Premien var eit ærefullt oppdrag: å dele ut 150 000 kroner til eit lag eller ei foreining ho sjølv valde. Gåva gjekk til Skånevikspeidarane, som no kan setje i gang med etterlengta oppussing av speidarhuset.
Konkurransen gjekk føre seg på Instagram, der ungdommar mellom 13 og 30 år kunne kome med framlegg til kven som burde få pengegåva – og kva prosjekt midlane skulle brukast til. Éin deltakar vart trekt ut som vinnar, og fekk høvet til å dele ut gåva før jul.
For Skånevikspeidarane vart overraskinga ekstra stor. Leiar Kari Johansson vart både rørt og glad då dottera overraska henne med sjekken under adventsstunda på Skånevik skule, der ho er tilsett og dottera er elev.
– Dette skal brukast til å gjere speidarhuset vårt endå kjekkare for speidarane, seier Johansson.– No har me det trongt og ganske høglytt. Med desse pengane kan me innreie loftet og få betre plass, slik at me kan dele oss meir opp i grupper.
Huset ligg like ovanfor motormuseet i Skånevik. Det gamle huset frå 1800-talet vart nyleg gitt i gåve til Skånevikspeidarane av Lions-klubben, og har raskt blitt eit viktig samlingspunkt.
I dag tel Skånevikspeidarane rundt 30 speidarar frå 3. til 9. klasse. Dei har møte kvar onsdag, og eigne møte for ungdomsskuleelevane. Gruppa er aktiv, brukar nærmiljøet flittig og reiser jamleg på leir.
– Me er mykje ute, men det er ekstra godt å ha speidarhuset i vinterhalvåret, fortel leiaren.
Då Kari Johansson høyrde om konkurransen, tipsa ho dottera og andre speidarar om å sende inn forslag. At nettopp dei skulle vinne, kom likevel heilt overraskande. Denne fredagen skulle ho eigentleg ikkje vere på jobb, men vart lurt med som lydansvarleg under adventsstunda.
Vinnaren sjølv var svært nøgd med utfallet.
– Det var kjekt å sjå at mamma vart skikkeleg glad! Og det er veldig koseleg at pengane går til å pusse opp klubbhuset vårt. Eg har vore speidar sidan 3. klasse og synest det er skikkeleg gøy. Det er sosialt, me jobbar med utfordringar i lag, får merker og reiser på leir, seier Aslaug, som håpar fleire får lyst til å bli med i speidaren.
Dagleg leiar i Sparebankstiftinga Etne, Rune Ramsvik, var med under utdelinga.
– Me fekk mange gode innspel, og Aslaug sitt vart trekt ut som vinnar. Det er ekstra hyggeleg at pengane går til eit prosjekt som har stått på ønskelista lenge – og at initiativet kjem frå ungdom i bygda, seier han.
Han utelukkar ikkje at stiftinga vil arrangere liknande konkurransar seinare.
– Mange ungdommar har stort engasjement for lag, organisasjonar og bygdene sine. Me ønskjer å gi dei endå fleire moglegheiter til å påverke kva dei ålmennyttige midlane går til, seier Ramsvik.