Etnemarknaden har sidan starten i 1981 utvikla seg til å bli ein av dei største marknadane i sitt slag på Vestlandet. No aukar satsinga på born og unge, og Sparebankstiftinga Etne er med på laget.
– Me ønskjer i år å støtte Etnemarknaden med 500 000 kroner. Pengane er billettmerka born og unge, og skal brukast til å vidareutvikle det flotte kultur- og underhaldningstilbodet for dei yngste, fortel dagleg leiar i Sparebankstiftinga Etne, Rune Ramsvik.
Etnemarknaden er drifta av fem frivillige organisasjonar og det vert lagt ned eit imponerande tal dugnadstimar i forkant, under og etter helga.
– Etnemarknaden har dei siste 44 åra blitt eit godt innarbeidd namn på Vestlandet og er ein stor verdiskapar for Etne-bygda, seier Ramsvik.
I løpet av tre dagar kvart år, i byrjinga av august, får ein oppleve eit uttal aktivitetar, konsertar, omlag 150 utstillarar og ekte marknadsstemning. Dei siste åra har rundt 11 000 besøkt Etnemarknaden, som i år blir arrangert helga 1.-3. august.
Dagleg leiar Ronny Gjermundsen i Etnemarknaden er særs takksam for stønaden frå Sparebankstiftinga Etne.
– Me er veldig glade for pengane! Dei gir store moglegheiter for å oppretthalde men også bygge vidare på det gode tilbodet me har til born og unge. Der ønskjer me å vere best på Haugalandet!