Det gamle kjøkenet og ventilasjonsanlegget hadde sett sine beste dagar, og oppgraderinga har vore både omfattande og nødvendig. I dag framstår det nye kjøkenområdet som moderne, funksjonelt og svært godt utnytta.
Det nye storkjøkenet, koldtkjøkenet, den separate vaskeavdelinga og den nye kaféen med glasstove er i full drift. Dette er eit stort steg fram for Skakke, som no har fasilitetar som tilfredsstiller alle krav til moderne kjøkendrift og sikrar effektiv og trygg matservering til små og store arrangement.
I tillegg til storkjøkenet er det kome eit mindre koldtkjøken, eit stort og effektivt oppvaskrom med direkte tilgang til storsalen, to kjølerom – eitt av dei reservert for utleige – fryserom, rom for tørrvarer, toalett, pauserom, og ei ny kafé- og møteromsavdeling med glasstove og eigen varemottaksinngang.
Den nye kafeen, med si innglasa stove og serveringsstasjon, gir gode høve til både møteverksemd og småarrangement.
Prosjektet er teikna av arkitekt Arne Tveit frå Brekke Helgeland Brekke, og gjennomført i samarbeid med Procon og prosjektleiar Peder Helge Kvammen. Tilsette ved Skakke og frivillige dugnadsfolk har vore sentrale i heile planlegginga og gjennomføringa, noko som har sikra eit praktisk og brukarvennleg resultat.
Totalkostnaden for ombygginga var på 18,5 millionar kroner, og heile prosjektet er finansiert gjennom gåver frå ulike aktørar og ein imponerande dugnadsinnsats. Sparebankstiftinga Etne bidrog med 6,5 millionar i prosjektet.
Me i Sparebankstiftinga Etne er stolte over å kunne vere med å styrke Skakke som ein sentral kultur- og møteplass i Etne. Det nye kjøkenet er eit solid fundament for framtidig aktivitet – og allereie eit viktig verktøy i det rike frivillige arbeidet i kommunen.
I juni var kjøkenet i full bruk under gjennomføringa av Etne Cup, der over 1700 spelarar og trenarar fekk servert måltid frå morgon til kveld. Sjå film her!