Nye bord og stolar i Skånevik kultur- og idrettshall

Nye bord og stolar skal styrkja fellesskapet i Skånevik kultur- og idrettshall

Skånevik kultur- og idrettshall fekk i fjor 250 000 kroner i prosjektstøtte frå Sparebankstiftelsen, Sparebanken Norge, Etne, til innkjøp av nye bord og stolar. No er 50 konseransebord, ti runde bord og 150 stolar komne på plass. Investeringa gjer hallen endå betre rusta til å ta imot både små og store arrangement, og gje bygda eit meir funksjonelt samlingspunkt.

Skånevik kultur- og idrettshall har sidan opninga vore bygd på eit imponerande dugnadsengasjement. Hallen vart realisert gjennom eit stort lokalt løft, og er framleis avhengig av frivillig innsats og støtte frå næringsliv og offentlege bidragsytarar for å utvikla tilbodet vidare.

– Me er ikkje stinn i pengar, så me er avhengige av dugnadskraft, at folk stiller opp og at me har støtte frå andre. Så utan denne støttam måtte me berre har levd i mange år vidare med dei gamle møblane, fortel Marie Kristiansen, dagleg leiar i Skånevik kultur- og idrettshall.

Bygget er mykje meir enn ein idrettshall. Gjennom heile året er hallen ein møteplass for idrett, kultur, frivillig arbeid, kurs, selskap og store bygdearrangement. Med nytt inventar kan lokala riggast raskare og tilby betre komfort til deltakarar og publikum, enten det er snakk om bryllaup, julebord, konfirmasjon, møter eller andre samlingspunkt. For Sparebankstiftinga Etne er prosjektet eit godt døme på investeringar som kjem mange til gode over lang tid.

– Når me støttar inventar som kan brukast av heile bygda, investerer me samtidig i møteplassar, frivilligheit og fellesskap. Dette er heilt i tråd med føremålet vårt om å skapa varige verdiar i lokalsamfunnet, fortel dagleg leiar, Rune Ramsvik.

Sjå alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.