Langfoss - frå vill natur til verdskjent turmål

Før i tida var Langfoss eit mektig, men lite besøkt syn. I dag strøymer tusenvis av besøkande hit kvar sommar, for å kjenna suset, høyra bruset og kanskje ta turen opp den bratte stien til panoramautsikt over Åkrafjorden. No er utbetringar av stien i gong.


Langfoss, med sitt imponerande fall på 612 meter, er ein av Noregs høgaste og utropa til å vere ein av verdas vakraste fossar.

I 2024 vart Langfosstien venelag stifta, og dei tok initiativ til ei oppgradering av stien langs fossen. Stien har lenge vore populær, men krev oppgradering for tryggleik og naturvern.

No er arbeidet med å byggje steintrappar i gang, utført av erfarne sherpaer frå Nepal, for å sikre trygg ferdsel og verne sårbare område.

Sparebankstiftinga Etne har bidratt med 2 millionar kroner til dette viktige prosjektet, som tek vare på både naturen og naturopplevingane for framtida. Langfoss står som eit symbol på både kraft og ro – og med nye trappetrinn blir området meir tilgjengeleg og berekraftig for alle.

Sjå alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.