1. Kven kan søke om midlar hjå Sparebankstiftinga Etne?
Alle lag og organisasjonar som har eit prosjektet med eit ålmennyttig mål i lokalsamfunnet! Satsingsområdet til stiftinga er store prosjekt som krev større finansiering. Det er likevel moglegheit for å søke midlar til mindre prosjekt. Alle som søker må ha eit organisasjonsnummer.
2. Er det søknadsfrist?
Nei, ein kan søke heile året! Men utdelingane blir vedtekne i styremøte i mars kvart år, og vert delt ut i etterkant av det.
3. Korleis søker ein?
Send søknad på e-post til post@ietne.no der du skildrar prosjektet, detaljert budsjett, finansieringsplan og tidsramme.
Sit du med fleire spørsmål? Me svarar gjerne! Send oss ein e-post eller kontakt dagleg leiar, Rune Ramsvik, på tlf. 95 00 50 70.