Haustens store nyheit på Olav Vik-stiftelsen er klar og denne gongen står den yngre garde i fokus.
Ein splitter ny klatrepark med zipline og klatreelement vart ferdigstilt i sommar. Klatreparken ligg idyllisk til midt inni skogen på Lambaneset. Her kan ungane boltre seg i høgda og utforske spennande utfordringar i eit trygt og tilrettelagt miljø.
Eit samarbeidsprosjekt med brei støtte
Klatreparken er resultatet av eit fruktbart samarbeid mellom Olav Vik-stiftelsen, Osnesheia velforeining, Sparebanken Norge og Sparebankstiftinga Etne. Nestleiar i stiftinga, Erlend Grinde Bergsvåg, er svært nøgd med korleis prosjektet har utvikla seg.
— Dette er ein draum som no går i oppfylling, fortel Bergsvåg. Gjennom samarbeid og solid støtte har me fått til å skape noko som vil glede både barn og familiar i området.
Eit viktig tilbod til lokalsamfunnet
Klatreparken er meir enn berre ein attraksjon, den er eit tilbod som styrkjer samhaldet og trivselen i nabolaget. Osnesheia velforeining har vore aktivt inne i prosjektet og understrekar kor verdifull støtta frå Sparebanken Norge og Olav Vik-stiftelsen har vore.
— Me er heldige som har moglegheit til å søke om støtte til slike prosjekt i Etne. Som velforening i eit privat byggefelt har me ikkje så store midlar sjølv, så då er det flott at me kan realisere prosjekt på denne måten, seier Sonja Frafjord, nestleiar i Osnesheia velforening.
Ein kortreist jungel for aktive dagar
Med klatreparken håper initiativtakarane å skape ein arena der barn kan nyta aktivitetar i naturen. Zipline-løypa og klatreelementa gir spenning og utfordringar, men samtidig tryggleik i eit tilrettelagt miljø. Det blir lagt stor vekt på praktiske løysingar, der dei nye plattingane også vil fungere som sosiale møteplassar.
— Klatreparken er ikkje berre for barn, den kan nyttast av alle aldrar. I eit mykje brukt turområde som Olav Vik, kan også vaksne til dømes legge inn ei treningsøkt med balanseøving i klatreløypa, fortel Frafjord.
Allereie i bruk
Klatreløypa har allereie blitt tatt i bruk av elevar ved Enge skule, under friluftslivsarrangement på Olav Vik og andre besøkande. Bergsvåg og Frafjord ser fram til at klatreparken skal vere i bruk året rundt.