
Visste du at det heile starta i 1860? Då fekk Etne sin eigen sparebank , Etne Sparebank, med mål om å styrka lokalsamfunnet. Styret bestod av bønder frå bygda, og ein lærar vart tilsett som kasserar. Det var starten på ei reise som i meir enn 160 år skulle prega utviklinga av Etne – for folk, næringsliv og fellesskap.

Banken vart ein viktig motor i bygda: frå finansiering av jordbruk og næringsliv, til å bidra med møteplassar og aktivitetar. I 1914 fekk banken sitt første sjølveigde bygg, med både møtesal og rom til kommuneadministrasjonen.
Å gje tilbake, var eit viktig føremål for Etne sparebank frå starten, i form av gåver til lag, foreiningar og frivillige initiativ. Det har ført til mykje fint.

Den 1. desember 2022 vart Etne Sparebank slått saman med Sparebanken Vest (no Sparebanken Norge) og samstundes vart Sparebankstiftinga Etne etablert. Sparebankstiftinga fekk då verdiane frå banken i form av eigenkapitalbevis, og desse dannar grunnlaget for arbeidet til stiftinga i dag.

Målet til Sparebankstiftinga Etne er klart: å vidareføre sparebanktradisjonen i Etne og støtte tiltak som skaper liv, utvikling og samhald i bygda. Frå bank til stifting – historia held fram. No med nytt namn, men med same hjarteslag for Etne.