Fikse skyttarlag har fått ny innandørs skytebane med moderne utstyr.

Fikse skyttarlag samlar folk i alle aldrar og tek steg mot framtida

Fikse skyttarlag har i dag rundt 450 medlemmar, og har skapt eit levande og inkluderande fellesskap for alle aldersgrupper.

– Dei yngste er mellom 10 og 12 år, medan dei eldste medlemmene er over 80 år. Laget har alltid vore ein viktig arena for både unge og eldre i bygda, fortel styreleiar Kjetil Matre.

Styreleiar i Fikse skyttarlag, Kjetil Matre.

1. januar 2024 vart Etne og Ølen skyttarlag slått saman. Denne samanslåinga har gitt laget fleire ressursar, både i form av personell og økonomi. Fikse skyttarlag er i dag eit vitalt lag med mykje energi og høg aktivitet.

Treninga føregår innandørs frå slutten av november og til utpå våren. Bygginga av ein ny femtenmeter skytebane har gjort det mogleg for laget å satse større på utvikling og oppretthalde høg aktivitet gjennom heile året.

– Det store bidraget til dei nye fasilitetane har kome frå Sparebankstiftinga Etne, i tillegg til eigen innsats og andre mindre støttespelarar. Det viser kor viktig det er med lokale midlar og engasjement for å skape eit moderne og framtidsretta skyttarlag, seier Matre.

Ei av målsetjingane er å rekruttere fleire ungdommar. Teknologien gjer at ein no kan følgje si eiga utvikling enda tettare.

–Til dømes kan ein scanne ein QR-kode for å ha si eiga skytdagbok. No kan du sitte heime og sjå gjennom kvart skot og følgje treninga di heile vegen. Dette er eit viktig steg mot å vere eit godt utstyrt, moderne skyttarlag, uttalar Matre.

No skal laget fortsette å utvikle medlemmar i alle aldrar, skape fellesskap og å ta skotet til eit nytt nivå.

Sjå alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.