

Gjennom tusenvis med dugnadstimar og rause pengegåver har lokalsamfunnet i Skånevik realisert eit nytt utandørs, oppvarma symjebasseng med namnet Sjøkanten Trivsel.
Prosjektet tok til etter at ei av eldsjelene, Heidi Wannberg, såg eit fjernsynsprogram om eit utandørs basseng og fekk ideen om noko liknande i Skånevik. Det store løftet kravde planlegging, engasjement og lokalt samarbeid, frå arkitektarbeid, graving, tekniske installasjonar og mykje meir. Og mesteparten av arbeidet vart utført på dugnad.
– Den endelege priskostnaden vart 18 millionar, men det er forsikra for dobbelt så mykje, fortel Wannberg.

Dugnad og gåver gjorde forskjellen
Heile bygda har vore med. Personar og lokalt næringsliv har kjøpt gåver og aksjebrev i prosjektet. I tillegg har store gåver kome inn frå stiftingar og bankar. Sparebankstiftinga Etne støtta prosjektet med 800 000 kroner, noko som vart brukt til legging av golv rundt bassenget.

Utsikt til ferje, fjord og fjell
Det nye bassenganlegget består av eit basseng på 25 meter med fire symjebanar, eiga plaskebasseng for dei minste, garderobar, servicebygg og reinseanlegg. Med utsikt til dei tre vestlandske f-ane, ferje, fjord og fjell, kan ein nyte det tempererte vatnet, frå påske til haustferien.
Velvære og livsviktig læring
Prosjektet er blitt meir enn eit basseng. Det er ein sosial møteplass og eit velværetilbod, men også arena for symjeopplæringa til elevane ved Skånevik skule.