
Sparebankstiftinga i Etne delte i vår ut 5,63 millionar kroner til eit strandsoneprosjekt i Etnebåthamn. På kort tid er prosjektet realisert, og området er blitt ein ny samlingsplass for heile bygda.
Den nye strandsona har fått badestrand med skjelsand, badebrygge, grillområde, grøntareal, opphaldsplassar og sauna. Familiar, badande, båtgjester og andre fyller nå havna med liv på både dagtid og kveldstid. Resultatet viser kva som er mogleg når frivilligheita, lokalsamfunnet og gåvemidlar dreg i same retning.
Havnesjef og representant for Etne båtlag, Geir Arne Hansen, kallar prosjektet ein draum som endeleg er blitt verkeleg. Prosjektet har overgått alle forventningar.
– Dette er noko me har snakka om i fleire år i Etne båtlag. Med midlane frå Sparebankstiftinga i Etne fekk me finanisert 70-80 prosent av prosjektet og det har betydd utruleg mykje. I dag fortel folk at prosjektet har løfta heile Etne sentrum, og det er jo veldig kjekt! Særleg når ein ser at born og unge er her frå tidleg morgon til seint på kveld, fortel Hansen.
Dagleg leiar, Rune Ramsvik, er også særs nøgd med resultatet.
– For Sparebankstiftinga i Etne er dette eit godt døme på kva gåvemidlane frå banken kan bety. Når overskot blir ført tilbake til lokalsamfunnet, kan gode idear bli til varige verdiar som kjem både dagens og framtidas generasjonar til gode.