
Sparebankstiftinga Etne delte i 2025 ut til saman sju millionar kroner til frivillige lag, organisasjonar og prosjekt i Etne kommune. Midlane vert i sum ei brei satsing på idrett, kultur, reiseliv, nærmiljø og samfunnsutvikling, og bidreg til å styrkja frivilligheita og lokalsamfunna.
– Frivilligheita er ein berebjelke i Etne Kommune. Gjennom desse tildelingane ønskjer Sparebankstiftinga Etne å leggja til rette for aktivitet, fellesskap og utvikling, seier dagleg leiar Rune Ramsvik.
Tildelingane i 2025 omfattar både større investeringar i anlegg og bygg, og mindre, men alle er viktige prosjekt som skapar aktivitet og trivsel lokalt.
–Me ser at mange av satsingane har ringverknadar i form av høgare aktivitet i laga eller nye arrangement og aktivitetar som tek form. Sogespelet er til dømes planlagd framført ute på Olav Vik Stiftelsen Osnes til hausten. Den nye tribunen som vil stå ferdig til våren, vil bidra til ei flott ramme for spelet. Steintrappene opp Langfoss gjer turen både tryggare for dei som ferdast der, men reduserer også slitasjen på landskapet rundt. Golfsimulatoren i Etne er på si side blitt ein ny møtestad for folk.
– Me er glade for å kunne bidra til prosjekt som kjem mange til gode, og som styrkjer både aktivitetstilbod og møteplassar i kommunen. Dette er eitt av hovudføremåla til Sparebankstiftinga Etne. Det er ei rekke større og spanande prosjekt på trappene i Etne som stiftinga følger med på.
Det er møte i generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Etne i mars og der vil dei vedtak kor mykje som vil bli delt ut inneverande år. Ramsvik understrekar at lag og organisasjonar er framleis hjarteleg velkomne til å søke, og at dei håpar særleg at ein kjem med større prosjekt som dei vil realisere.
– Berre i fjor vaks stiftinga sine verdiar med 160 millionar og me forvaltar nå verdiar for 600 millionar kroner. Det er veldig kjekt om me kan nytte deler av midlane til å gjennomføre større løft som både kan auke bulyst, buattraktivitet og reiselysta til kommunen, avsluttar han.
Foto: Styreleiar Frode Robberstad og dagleg leiar, Rune Ramsvik.
Oversikt over tildelingar i 2025:
Olav Vik Stiftelsen Osnes – Rehabilitering av bygg, tribune, nye stiar m.m.: 2 700 000 kroner
Langfosstiens Venelag – Steintrapper stien opp Langfoss: 2.000.000 kroner
Fikse Skyttarlag – Kjøp av tomt og nye digitale anvisarar: 500 000 kroner
Etnemarknaden – Auka satsing på born og unge: 500.000 kroner
Etne Golfsimulator – Golfsimulator: 400 000 kroner
Enge Bedehus – Asfaltering av parkeringsplass: 300 000 kroner
Skånevik Kultur – og idrettshall – Nye bord og stolar: 250 000 kroner
Skånevikspeidarane – Oppussing av klubblokale: 150 000 kroner
Bustadskipinga Etne – Forprosjekt parkanlegg: 100 000 kroner
Næringsgiv Olalia - Auke kvaliteten på føredraga: 50.000 kroner
Etne IL – Delar av dokumentavgift ved tomtekjøp: 44 000 kroner